fredag 4. februar 2011

Bestemors lampe.

I mangel på ferdiglaga produkt denne veka,
viser eg ein lampe eg har.
Den laga bestemor mi då eg var liten.
Ho hadde den i stova si, og eg har fått arva den.


Lampefoten er ei flaske,
som er trekanta nederst.
Den hadde ho med seg etter ein Amerikatur,
for å besøke slektningar.
Det har sikkert vore noko godt på den,
før den vart fylt med sneglehus som er plukka i fjæra.



Skjermen har ho hekla sjølv,
og pynta med brune velourband oppe og nede.


Einaste bakdelen med den,
er at ledningen er utanpå lampefoten.
Men det er vel ikkje enkelt å lage hull til den nede på flaska,
Og då vil den jo vise uansett,
sidan flaska er gjennomsiktig.
Det er ikkje på dette bordet eg har den ståande,
ledningen er meir skjult der eg pleier å ha den.
Tok den berre fram i lyset for å ta bilde av den :)

Ynskjer alle som er innom bloggen min
ei god helg.


8 kommentarer:

  1. Ingen har makan til denne, og den var skikkelig søt! Det skal jo ikke mer til, ei fin flaske og en lekker skjerm, og vips, så har man den lekre lampa!
    Kos deg i helga, klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Hei.Kjempe fin lampe.Nydelig hekling på den.Søt.Koselig med ting man har arvet.Ønsker deg en riktig fin helg.Klem fra Bodil.

    SvarSlett
  3. Ser at kreativiteten har vore i familien din i generasjonar, ingen tvil om det.
    Lampa var skikkeleg flott.

    Ha ei god helg du og, Ann-Tove :)

    SvarSlett
  4. Så flott lampe! Det kjekkaste er at den er av og frå bestemor, vil eg tru;o)

    Ha ei god helg!

    SvarSlett
  5. Kjempe stilig. God helg :0)

    SvarSlett
  6. Så mykje flott handarbeid du har på bloggen din Ann Tove, du er flink og kreativ.
    Lampen var flott og unik!

    God helg til deg :-)

    SvarSlett
  7. så fin !

    god helg ti ldeg også og takk for kommentar inne hos meg ;)

    klm

    SvarSlett
  8. Den var flott Ann Tove!:)))
    Ellers mykje fint på handarbeid på bloggen din, du er flink!
    ha ein flott dag:)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...