søndag 27. februar 2011

Crazy Quilt

Fredag reiste eg og søskenbarnet mitt til Førde på kurs.
Det var kurs i crazy quilt på Trapp Ned Butikken.
Har ikkje vore på kurs innan saum,
sidan eg gjekk eit år på saumlinja, tidleg på åttitalet,
( Huff det høyrdes ut som lenge sidan.. )
på det som den gong heitte yrkesskule.

Vi hadde ein kjekk dag,
over ser du modellen av det vi skulle lage.
Dette er ei festremse med to forskjellige blokker.


Her er blokkene eg rakk å lage.
Som du ser er eg glad i friske fargar.
Er ikkje heilt fornøgd med fargevalget likavel,
det er ein kunst å finne rette fargane.
Og med ein butikk som bugnar av flotte stoff berre ei dør unna,
er det ikkje enkelt å bestemme seg.
Men, men, det er no berre prøvelappar på ein måte.
Lærte no teknikken :)
Blir nok ikkje festremse av desse,
har tenkt ut noko anna eg skal lage av dei.


Seint på kvelden, etter eg var komt vel heim,
pakka eg inn ein liten presang til ho som var med meg på kurs.
Ho hadde bursdag dagen etter, i går altso.
Men eg hadde ikkje kort til pakken..
Fann fram ein liten stoffbit,
og tenkte å berre sy den fast på ein papirlapp..
..Men fann fort ut eg ville prøve meg på den teknikken eg lærde tidlegare den dagen.
Det vart ein liten firkant som eg vatterte....


...Sette linstoff på baksida, som eg skreiv bursdagshelsing på...


..Som òg kan brukast som underlag til kaffikoppen :)

Mottakaren vart kjempeglad,
og då er eg òg fornøgd..

Har meldt meg på Redesign-kurs på Askvoll til neste helg,
noko som eg gler meg til.
Det blir ein heilt anna form for søm,
enn det eg var med på fredag.
Lage nytt av gamalt er spennande.


9 kommentarer:

  1. Kjempe stilig, mamma :)

    SvarSlett
  2. Spennande crazy quilt.
    Synes dei spreke fargane dine var skikkeleg tøffe.
    Flotte til sommaren :-)

    Så kreativ du er Ann Tove, smart kort :-)

    Ha ein fin søndag.

    SvarSlett
  3. Takk for sist!
    Blir spennande å sjå kva eg, som er fullstendig ufaglært, kan plukke opp på kurset i Askvoll:) Har ikkje peiling på kva eg skal ta med meg...
    God søndag!

    SvarSlett
  4. Kreativt kort!:)

    Fin søndag kveld til deg:)

    SvarSlett
  5. Så flotte blokker!...og kjekk ide til kort;o)

    Det er alltid kjekt med kurs og redesign er grådig kjekt! Eg har ikkje vore på kurs i det, men puslar på etter eige hovud.....;o)

    Ha ei god veke og lukke til på kurs!!

    SvarSlett
  6. Hei Ann Tove, så kjekt å få hilsen fra deg. Tipper du har hatt en kjekk syhelg. Misunner deg kurs i redesign. Gikk et lignende kurs i fjor, og det var kjempemoro. Akkurat nå driver jeg og syr selskapsveske av sykkelslanger. En slags redesign det også......

    SvarSlett
  7. Fine fargar du har brukt, synest eg iallfall.
    Vart nesten (veldig) misunneleg når eg ser du skal på kurs i redesign.
    Det må vel bli supert, tenkjer eg.
    Gleder meg til rapport.
    Ha ein fin dag!

    SvarSlett
  8. Friske og fine blokker du har laga. Eg er spent på kva du brukar dei til. Ikkje i tvil om at det blir noko kreativt :)

    SvarSlett
  9. Du imponerer stadig, Ann Tove :))

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...