torsdag 26. mai 2011

Rakved



I påska kom datter vår heim med noko stort, flatt,
innpakka i bossekk.
Spenninga var stor då eg skulle få gleden av å opne opp.
Inni var denne glassramma, godt nedslitt av sjø og veir.
Ho hadde funne den i ei fjære, då ho var på påsketur.
Hatt den med seg på buss, hurtigbåt og ferje,
so eg skulle få den.
Det var stor glede i heimen då eg såg denne,
har lenge ønska meg ei slik.


No har den stått ute i regn og vind,
og er komt i hus til tørk.
Gler meg til å sette i gang å klargjere den,
kjem bilder seinare av resultatet :)




Vi har òg vore i fjæra her heime å plukka rakved,
alltid like spennande på slike turar.
Her har eg fått ny oppbevaring til zaloflaske og oppvaskkost.
Ein teboks med rakved rundt.




Og kamuflasje til håndsåpe på badet.
Begge desse er det dotter vår som har laga til.
Vi er begge ganske inspirert av GundaM,
som får til det utrulegaste av det utrulegaste :)



4 kommentarer:

  1. Ja, Gunda inspirerer til gagns! Jeg gleder meg til å se hva du gjør med vinduet, og beholderne for såpe var kjempefine!!
    Nyt helga, klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Så mykje flott de lagar! God inspirasjon er kjekt;o)

    Gledar med til å sjå kva du tryllar fram av vindauget;o)

    God helg til deg!

    Solklem

    SvarSlett
  3. Så spennand.
    Eg gleda meg til fortsettelsen :-)

    Ha ei god helg.

    SvarSlett
  4. Ventar i spenning, - sikker på at det blir noke kreativt og flott!:-))

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...