torsdag 21. juli 2011

Sjøulk

På ei bloggvandring såg eg ein sjøulk,
men finn desverre ikkje igjen bloggen eg såg den i.
Falt fulstendig for denne karen og berre måtte lage ein.
La inn bestilling av garnpakke hos Den blå tråd,
og etter eit par dagar kom den i posten.

Her er den ferdigstrikka, klar til toving.


Alltid like spennande når ein set på vaskemaskina og ventar på resultatet.

Og etter tørk, montering av sjegg, pipe
og hekling av fiskegarn.
Er eg fornøgd med sjøulken min.






Det vart ein staseleg kar,
som for øyeblikket skjuler ei flaske vin.


Med tida har eg planar om å lage fleire.

No blir det mest forberedelsar til Krabbefestivalen vi skal ha neste helg.
Med revy, krabbe i massevis, utstilling, aktivitetar for store og små
og mykje moro i heile helga.

Men det er alltid tid til litt handarbeid no og då.




8 kommentarer:

  1. So stilig :-)
    Du må no produsere som berre da, du no.
    Slike karar vil heilt sikkert vere med på krabbefestivalen :-)

    Lykke til neste helg.

    SvarSlett
  2. Skulle gjort da, men da blir nok mest dugnad den neste veka. Får lage opp til ein seinare anledning.

    SvarSlett
  3. kjempestilig.Sånne kara kjeme t å gå som "varmt hvetebrød" på krabbefestivala i framtida...

    SvarSlett
  4. Artig kar!
    I morgon kveld vert det revy på oss i Askvoll:) Reiser snart på ein liten ferietur.
    Ha ein flott festival!

    SvarSlett
  5. Dette var litt av en tøffing! :o)
    Lykke til med krabbefestival!

    SvarSlett
  6. Tøff var han sjøulken.God ferie og lykke til med fetivalen.

    SvarSlett
  7. Flott kar. Har tenkt meg ein tur på krabbefestivalen.

    SvarSlett
  8. Kjempestilig sjøulk :-)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...