mandag 22. august 2011



I sommar greidde eg ikkje stå imot då det var posesalg av garn i nærområdet.
Eg kjøpte ein del garn då, ja...
Blandt nøsta var det Palett, som eg lenge hadde tenkt å lage teppe av.
Fem nøster i ein farge og tre i eit anna fargeparti.
Det var greit arbeid å ha med då vi var på biltur i ferien,
og passeleg å ha med i veska.
Det nærmar seg 30 firkantar no,
fekk 19 stk av eit nøste..
blir spennande å sjå kor stort eg får teppet til slutt.

.


Har lenge hatt handarbeidet i ein stoffpose frå Søstrene Grene,
men fann ut at eg måtte ha ein sjølvlaga.
I går kveld sydde eg denne,
av eit stoff eg kjøpte i vår i Førde på Trapp Ned.
Heilt enkel og ikkje fora.



Denne blir flott å ha i handveska med heklepinne og nøste i,
klar til å svinge med heklekroken på ferja og i andre passande anledningar.


Sydde denne òg.
Vart inspirert av Timotei, som lagar so fine posar mm.


Har ikkje sydd so mykje lappar før,
men grei måte å få brukt opp smårestar på.
Denne er fora.





6 kommentarer:

  1. Innlegget under; sååå smart!!
    Teppet ditt ser ut til å bli lekkert; 19 ruter av et nøste!!..høres ut til å bli et lett og godt teppe dette!
    Flotte poser; jeg må få symaskina igang, det er jo egentlig artig å sy:O)
    klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Dette blir eit lekkert teppe, fine fargar.
    Posane dine er verkeleg flotte, klart du må ha ein sjølvlaga :-)

    SvarSlett
  3. Gleder meg ilag med deg over alt det flotte du får til:-))
    Strikkepinne-opphenget var genialt - eg har mine i ein plastpose :-(
    Ha ein fin dag!!

    SvarSlett
  4. Fine heklaruter, og kjempefint stoff på posen til heklearbeidet!
    Lappeposen din vart også veldig fin! Eg har lyst til å lage fleire slike, men med litt større lappar enn på dei første:)
    Forresten artig med den tøybiten i enden av snorene:)

    SvarSlett
  5. Dette blir nok eit flott teppe i fine fargar.Posane var fine og.

    SvarSlett
  6. Så flott teppe dette blir. Håndarbeidsposene dine var fine.
    Ønsker deg en fin helg.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...