onsdag 14. september 2011

Ballongkjole

Denne kjolen strikka eg ferdig i ferien,
og so har den lagt i fleire veker og venta på å få knappestolpe..
ikkje det kjekkaste eg gjer, men fort gjort når ein først set i gang.
Desverre dårlege bilder, sidan eg tok dei på kveldstid.



Mønsteret er frå boka Retromasker av Tine Solheim, og strikka i Sisu.
Men med litt forandringar.
Har ikkje strikka inn so mange perler som det skulle vere,
og har brukt av garn og fargar eg hadde liggande.
Har strikka den i str 4 år,
men ser no at eg har vore utolmodig med mønsterstrikkinga.
Skjørtet er litt kortare enn det skulle vere,
so den er kanskje ca str 3 år..
Trur eg må finne ei jente i tre års alderen,
so eg får prøve den på.
Får ikkje heilt rette inntrykket av den når kjolen heng på ein klehengar.


Her er nesten rette fargen på kjolen.





7 kommentarer:

  1. Nydeleg kjole!! Tine Solheim har mange flotte design.

    SvarSlett
  2. Så flott den er! Litt av ein prinsessekjole;o)

    SvarSlett
  3. Nydeleg kjole Ann Tove !!
    Flott arbeid - du er like aktiv i ferien også...:)

    SvarSlett
  4. Kjempefin!! eg såg den boka hos tanta mi,der var det jammen masse fint og masse rart....June har bestilt ein shorts som var der,så det blir no litt artig å strikke den :)

    SvarSlett
  5. Det blei ein skikkelig fin kjole,Ann-Tove.Kunne godt tenkt meg den til Emina,men str.4 år,er vel litt for stort.Eg likte den veldig godt.

    SvarSlett
  6. Den var knallfin,
    tenk å hatt ei på 3-4 år som ein kunne "dolle opp". :-)

    SvarSlett
  7. Den var mega flott Ann Tove!!:-) Du er flink ;-)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...