mandag 5. september 2011

Strikke, hekle, sy..

Dei siste dagane har eg vore overivrig på handarbeidsfronten.
Ikkje at eg har so mykje ferdigstilt å vise fram,
men har starta på mange forskjellige prosjekt..
Har fire forskjellige handarbeid på gang,
pluss div prosjekt med symaskina.
Her om dagen fekk eg bestilling på strikka mobiletui.
Korga med Fritidsgarn og tjukke pinnar vart henta fram,
so var det berre å senke seg ned i god
stolen.

Hugsar ikkje heilt kva farge ho ville ha,
so no strikkar eg opp eit lager so kan ho velge.
Dette er resultatet so langt..


..og det skal bli fleire, i andre fargar,
mykje garn å ta av.
Inspirert av fanamønster,
men opplegg og ideen til mobiletui er frå eige hovud.

Her er dei avbilda attmed to herlege troll
som vart kjøpt på Lom i sommar.
Og lysestakane er laga av datter og eldste sønn.
Ho hadde ideen og komando,
og han saga og bora hull til telysa.
Slike ting likar ho mor :)






4 kommentarer:

  1. Med andre ord, ei kreativ familie med !:))
    Flotte resultat!!

    SvarSlett
  2. Oj, så artige de etuiene ble. Det er gøy å lage noe fra bunnen av som man selv har tenkt ut. Stilige lysestaker også!

    SvarSlett
  3. Her var det mykje flott!!

    Tøffe etui...
    .... og lysestakar, det treng vi no!

    Ha gode kreative dagar!

    Solklem

    SvarSlett
  4. Flotte etui! Dei lysestakane likte eg,- trur eg må ut og sage og bore eg og. ;)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...