fredag 7. oktober 2011

Hjæælp!!

Er det nokon som kan hjelpe meg?
Har lenge hatt lyst å lage pulsvarmarane: Elf clobber.
Å lage noko etter engelsk oppskrift,
er noko eg aldri har prøvd.
Gjekk bra so langt ( bildet øverst )
men når eg skulle hekle, vart det berre oppattrekking..
Dette får eg ikkje til :-(
Er det nokon som kan forklare meg første partiet på hekleborda?


Manglar ikkje handarbeid mens eg grublar på pulsvarmarane eg ikkje får til.
Her er eit lite glimt av andre prosjekt som er i sving.
Strikkar hyssing/tau på pinne nr 5..


Prøver meg på kunststrikk.
Har strikka ein duk før, for mange år sidan.
So det var artig å prøve igjen.
Tynt garn og pinne nr 2.


Har alltid eit nøste Palett og heklenål i veska,
so det blir nokre heklaruter i løpet av veka òg.
På ferje, i bil og ellers når det er ei ledig stund :)
Var òg godt å ha når vi kjøyrde til Førde her om dagen,
kom over asfaltlegging med opptil ein time venting for å sleppe forbi.
Men ingen fare, kosa meg med handarbeid den stunda, eg :-)

Kjem på fleire handarbeid som ligg nesten ferdig,
men dei har eg ikkje bilde av.
Kanskje eg skal ta å gjere dei ferdig..

Ynskjer deg som er innom ei kjempefin helg.




7 kommentarer:

  1. Desverre kan eg ikkje hjelpe deg. Håpar noko andre kan bidra med det. Det var no kjekt å sjå litt av det du held på med :) Gleder meg til vi får sjå pågåande arbeid ferdige.

    Strikka hyssing .....artig :)

    Ha ei fortreffelig helg i ruskeværet! Godt innevær til handarbeidskos.

    Klem:)

    SvarSlett
  2. Hallo!

    Eg kan prøve å hjelpe deg. Eg treng å sjå oppskrifta og evt "prøvehekle" den, så tenkjer eg at vi skal få det til;o)

    Det var mykje spennade i innlegget ditt i dag;o)

    Ha ei luftig og fin helg!

    Solklem

    SvarSlett
  3. Her var det mykje fint på gang:) Spent på den hyssinggreia!
    God helg!

    SvarSlett
  4. Hehe, ikjer verst mamma! Likte skikkeleg godt prosjektet med å strikke hyssinga, det kan nok brukast til så mangt.
    Ha ei super helg der heime :)

    SvarSlett
  5. Eg kan hjelpe deg. Har strikka/hekla ein del av dei.
    Eg ser du har hekla første runde,- hekle fastmasker i bakre maskeledd.
    2.runde: 2lm (hst, puff st, lm hopp over ei maske) Hekle det innanfor parantesen til du er rundt,- kjm på slutten.

    Puff st = (kast, ta heklenåla rundt stammen på hst du nett laga, kast og dra tilbake) gjer dette 3 gongar,- då skal du ha 7 masker (kast pluss maska frå hst) som du då skal ta ei lm gjennom.

    Skjønte du det? Litt vanskeleg å forklare, men...
    Vidare er det lurt å studere diagrammet samtidig som du ser på forklaringa,- for forklaringa hennar er ikkje heilt god. Send meg ein epost om du lurer på noko, så kan eg hjelpe deg vidare. ;)
    yo, insert hook around stem of hdc just made, yo and draw up a loop) 3

    SvarSlett
  6. Så mye flott håndarbeid du har i sving. Smart å ha med seg en heklenål og garn i veska så man kan fylle ventetid. Jeg holder på med et teppe av bestemorruter selv, så jeg burde kanskje bruke tipset ditt. Takk for titten her hos deg =)

    SvarSlett
  7. Kjekt å ta ein titt inn i din kreative og fargerike verden igjen, Ann Tove :-)
    Flott arbeid !!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...