
Heisann, og godt nyttår til deg som er innom.
Har hatt ein lang bloggpause,
men produksjon har det vore :)
Her er litt av det eg laga før jul.
Stoffposar er greit å ha til å oppbevare div i.
Har prøvd meg litt med lappar, blonder og blomster.

Begge posane er fora med kvitt stoff,
som eg synest er ein fordel.
Då kan ein lettare sjå innhaldet.

For mange år sidan sydde eg hyssingpose til mor mi.
Prøvde til igjen, men denne gangen i litt meir avansert utgave.
Vattere og frihåndsquilte er noko eg ikkje har gjort so mykje.
Er ikkje sikker på om eg har gjort det rett,
men er godt fornøgd sjølv.
Det var moro når eg kom inn i det og greidde å slappe
av mens symaskina gjekk.

Det vart to utgaver denne gang,
som havna under forskjellige juletre som gave.

Desse posane er ikkje fora,
og sydd av stoff frå det STORE stofflageret mitt.

Sjølv likar eg ufora posar.
Tek mindre plass når eg har handarbeidet i den,
og skal ha den med i handveska.
