søndag 8. januar 2012

Kjekt å ha

Heisann, og godt nyttår til deg som er innom.
Har hatt ein lang bloggpause,
men produksjon har det vore :)
Her er litt av det eg laga før jul.

Stoffposar er greit å ha til å oppbevare div i.
Har prøvd meg litt med lappar, blonder og blomster.



Begge posane er fora med kvitt stoff,
som eg synest er ein fordel.
Då kan ein lettare sjå innhaldet.



For mange år sidan sydde eg hyssingpose til mor mi.
Prøvde til igjen, men denne gangen i litt meir avansert utgave.
Vattere og frihåndsquilte er noko eg ikkje har gjort so mykje.
Er ikkje sikker på om eg har gjort det rett,
men er godt fornøgd sjølv.
Det var moro når eg kom inn i det og greidde å slappe
av mens symaskina gjekk.


Det vart to utgaver denne gang,
som havna under forskjellige juletre som gave.





Desse posane er ikkje fora,
og sydd av stoff frå det STORE stofflageret mitt.


Sjølv likar eg ufora posar.
Tek mindre plass når eg har handarbeidet i den,
og skal ha den med i handveska.





6 kommentarer:

  1. Kjempe fin poser, kjekt å ha til mange ting synest eg. Dei posane til hyssing var fin, var så heldig å få ein slik til jul for eit par år sidan. Godt nyttår!

    SvarSlett
  2. Godt Nytt År til deg også!
    Poser til å ha ting og tang i er alltid nyttigt. Har nett fått bestilling på nokre og dine kan jo godt være til inspirasjon. Hyssingposen var kjempestilig, aldri sett den før.

    Ha gode dager!

    Klem:)

    SvarSlett
  3. Godt år til deg også!
    Kjekt med slike nyttige presangar:)
    Her har det ikkje blitt sydd noko som helst den siste tida.

    SvarSlett
  4. Ja, poser er kjekke. Lager nok flest uten for jeg også, liker det sånn, selv om jeg ute i bloggverden føler de detter litt mellom :)
    *Hyssingposen var også veldig stilig!

    SvarSlett
  5. Godt nyttår til deg!
    Kjekt å sjå at kreativiteten er på topp i det nye året også :-))

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...