tirsdag 19. juni 2012

Gamal og nyare Husqvarna

Mi trufaste Husqvarna Orkide 1250 stoppa for meg her om dagen.
Midt i mitt spennande prosjekt, som eg viser når det er ferdig,
ville ikkje pedalen lystre meg.

Mens eg ventar på ny del til pedalen, har eg fått låne mamma si gode gamle Husqvarna Automatic.


Denne kjøpte ho i 1960.
Den syr fortsatt godt, og det einaste som ikkje fungerar no er lyset.
Ho sydde mykje då vi søskena var små,
både til oss og seg sjølv.
No er det mest strikking ho driv med,
so syr eg til ho om det trengs.

Det er ikkje so mange sømmer på den, men brukande til det eg driv på med no..


 Her møtest gamal og ny/nyare symaskin.
Mi står på vent enno eit par dagartil son vår kjem
 heim på sommarferie frå vidaregåande og hybellivet i Førde.
Han har henta ny del til pedalen :-)

I dag har eg tatt fram denne,
Husqvarna VIKING Huskylock 936.
Denne har eg ikkje brukt på fleire år, har aldri vorte skikkeleg venn med den.
Men no har eg hatt den på service og fått ny kniv i den,
so no prøver eg til igjen.
Har sydd ein tunika, kjem bilde seinare,
og det gjekk nesten knirkefritt.
Trur eg manglar tolmodigheit når det gjeld å stille inn og å lære maskina å kjenne.

Får sjå etterkvart om den blir brukt eller eg skal kvitte meg med den..

Ynskjer deg ei fortsatt fin førjonsokveke.


4 kommentarer:

  1. Så utruleg artig. ;) Mor mi hadde ei slik kjempegammal maskin og som funka som berre det.
    Ja, ein har ofte mange prosjekt på ein gong og skulle gjerne hatt blekksprutarmar. ;)

    SvarSlett
  2. Jeg har ei Husquarna 2000 fra 70-tallet, og den er ikke utslitt:))..må vel begynne å ta den i bruk igjen..sydde masse barneklær for 30 år siden;)

    SvarSlett
  3. Så koselig med den gamle maskinen til mammaen din!
    De var laget for å vare, den gangen:)
    Fin kveld.
    Beate

    SvarSlett
  4. Kjekt å kunne låne når maskina streikar:) At lånemaskina er gammal betyr jo ikkje noko, så lenge den syr fint:)
    Ha ei fin veke, Ann Tove!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...