tirsdag 12. mars 2013

luer

Denne lua er strikka i Viking  Eco-Alpaca.
Mjuk og god å strikke av.


På mønsteret skulle det ikkje vere snorer på klaffane.
Men då dei har lett for å rulle seg opp, sette eg på små fletter
og so var det problemet løst :)

Her er ei til av samme mønster.

Begge er levert og komt i bruk, kjekt når mottakar er fornøgd.

Denne lua har eg strikka før etter Tine Solheim 
sitt mønster i boka Maskeball.

Sjalet modellen har rundt halsen,
 har mor mi strikka av tynt bomullsgarn.
Hadde ein del av dette garnet og visste ikkje kva ho skulle bruke det til.
Ikkje noko farge å strikke duk av akkurat.
Eg foreslo trekantsjal, og det vart kjempefint.

Dagane går fort med mykje på " skulle gjort" lista.
Med våren kjem òg bunadsaum som tek mykje av fritida mi.
Men innimellom svingar eg både strikkepinnar og heklekrok,
må prøve å bli flinkare å legge ut her på bloggen min.

Takk for at du ser innom bloggen :)





6 kommentarer:

  1. Flotte luer, likr spesiellt den med mønster og fin farger. Ha en fin dag

    SvarSlett
  2. Fine og gode huer, varmar øyrene desse :-)

    SvarSlett
  3. Herlig lua med marius-stil og deilig fletter og farger er super.
    Jeg er spennende av bunadsaum!
    Hilsen til deg sender Viola.

    SvarSlett
  4. Flotte huer. Skjønar godt at mottagarane vart fornøgd. Lykke til med bunadssaumen. Du er flink! Eg har ein som er i største laget, men omsying vert utsatt kvart einaste år:)

    SvarSlett
  5. Flotte luer du har strikket! Jeg har stor sans for slike gode luer med øreklaffer :)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...