søndag 17. mars 2013

Vårfargar


Hadde ein del Rosett garn liggande etter ei tante,
trur ikkje det garnet er i salg lenger.
 Blankt og fint garn i herlege friske fargar, det likar eg :)

Det har lenge vore i tankane om  kva eg skulle bruke den til.
Valget falt på lykter av tomme sylteglass.
Til no har eg hekla 12 stykket, mønsteret berre kom då eg strarta å hekle..
Kanskje eg har sett det i andre bloggar eller på nettet ein plass,
hugsar ikkje kor..
Det midterste, øverste glasset er hekla av hyssing og eit anna mønster,
dei andre av Rosett.
Nokre av dei er solgt, nokre skal eg gje som gevinst til basar,
og resten og muleg dei neste eg hekla
 ( har meir igjen av garnet, men det er verre med tomme glass..)
blir eg sikkert av med på eit vis òg :)






4 kommentarer:

  1. Å, dei var fine.....kjem beint i vårstemning her.
    Trur eg må lage meg nokon slike til påske.
    Fin sundag!

    SvarSlett
  2. Herlege vårfargar :) Kjempefine!

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Så flotte lyslykter du har laget, herlige friske farger:-)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...