lørdag 18. januar 2014

Gensaren passa ikkje..

Dotter vår kom heim med ein gensar ho hadde kjøpt, 
men som ikkje passa likavel.
Då den ikkje passa til meg heller, måtte vi gjere noko anna med den.
Tok med gensaren i sybrakka mi,
 fann fram nokre gamle julegardiner,glidelås og ei innerpute..
Beklager dårleg bilde, men i farten blei det slik,
har dårleg tolmodigheit når det gjeld fotografering :-)



..Etter ei stund var gensar og gardin blitt sofapute.
Sydde først ei innerpute med glidelås av den røde gardina.
Og deretter sjølve putetrekket av gensaren,
der sette eg glidelås i kanten.
Greit å kunne ta av for vask eller utskifting.
Gløymde å ta bilde av ferdig pute,
men jenta tok bilde av den då ho kom til Bergen igjen etter juleferien.
Passa fint med rød pute attmed det kvite teppet eg strikka til henne for nokre år sidan :-)



7 kommentarer:

  1. Heia! Så fint at du fant noe å bruke genseren til. Det ble jo en riktig koselig pute som blir kjekk å ta fram til neste jul :)

    SvarSlett
  2. Kjempefin pute du har laga. Den passa fint til sofaen og teppet.

    SvarSlett
  3. Så flott pute du laga,flink du er:))

    SvarSlett
  4. Kjempesmart og lage ei så fin pute. Då kom jo genseren til nytte likevel. Flink du er !!!!

    SvarSlett
  5. Veldig smart å lege pute av genseren og ikke bare la genseren ligge innerst i skapet. Ha en fin søndag

    SvarSlett
  6. Så utruleg smart! Du er så kreativ!
    Ønskjer deg ein fin søndag.

    SvarSlett
  7. Så smart. Slik er det når en er flink med symaskinen.
    Ha en fin kveld og takk for besøk i bloggen min.

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...