tirsdag 3. februar 2015

Småstrikk

Strikka pulsvarmere i gave til ei vennine som arbeider på Kiwi.
Har slike sjølv, i brunt, sidan eg arbeider på Coop Marked.
Varmar godt rundt handleddet når det er kanldt.


Her er første labbane eg strikka til vårt herlege barnebarn.
Strikk i grått sidan eg begynte på dei før vi visste kva kjønn det blei.


Av restane blei det eir par små vottar uten tommel.



søndag 11. januar 2015

Frisørkappe

Etter å ha sett over bilder frå i fjor, 
kom eg over diverse bilder eg ikkje har lagt ut på bloggen min.
For nokre år sidan laga eg vesker/handlenett av paraplyar, noko du kan sjå her.
Har samla ein del ødelagte paraplyar sidan det, med store planar om å sy mange slike.
Men dei har blitt liggande i ei øsje under noko anna spennande, 
likar å samle på ting/kle eg kan sy om :-)

I sommar fann eg fram ein stor paraply.
Og med litt klipping og skråbandsying,
blei det ein frisørkappe.


Grei å ha når ein driv å klipper hår heime.
Denne er levert til son og svigerdotter vår,
der er det hårklipp/maskinklipp når behover er der :-)


Betre med ei slik kappe rundt skuldrane enn ein handduk der håret ikkje glir av.


Ikkje store biten når den er bretta ihop,
 og bandet som holdt paraplyen samla er surra rundt.

Kanskje ein ide til andre som klipper litt på heimebane :-)



mandag 5. januar 2015

Adventløpar

Gløymde heilt å blogge før jul.
 Tidleg i desember vart vi besteforeldre for første gong,
og ei lita skjønn jente har vore hovedpersonen i familien siste vekene.
Vi kosar oss i den nye tilværelsen.
Denne løparen hekla eg i haust.
Den er i Maxi, og mønsteret fann eg i eit julehandarbeidblad frå tidlegare år.



Løparen blei sendt til Bergen til dotter vår, i god tid før advent.
 Den er ca ein meter lang, og nokreogtjue cm brei.
Hugsar ikkje måla heilt :-)



onsdag 12. november 2014

1, 2, 3

Nr 1. Etter det eg har sett på nettet i det siste,
 er det populært med slike babynest til babyar.
Måtte sjølvsagt prøves, og her er første utkast frå meg..
 


Den kan vrengast og brukast på begge sider.


Nr 2. Dette er sydd i meir nøytrale fargar.
Blei gitt som gåve og er komt i bruk :-)


Nr 3.Dette har eg sydd til vårt første barnebarn
 som kjem til verden i løpet av høsten.



Laga ei lita pute til.
Dobbelt lag med stoff, utan fyll.
Greit å ha om det blir smågulp, so treng ein ikkje vaske heile nestet.


Pynta med blonder etter ynskje frå vordande mor :-)

No er det berre å vente til det kan takast i bruk.
Vi gler oss :-)



onsdag 29. oktober 2014

Omsaum

Har hatt denne tunikaen liggande ei god stund. 
Den var i største laget, men eg likte godt fargane og stoffet.



Klipte den opp, og la nytt mønster på delane.
Og med nokre bitar blått stoff frå ein gammal topp,
blei resultatet denne gensaren.



Det blå stoffet er det glitter i,
friskar opp ein ellers grå genser.



Kjekt å sy omigjen :-)



tirsdag 21. oktober 2014

Det var ein gang eit reklameflagg..

 
Fekk for ei stund sidan to slike reklameflagg frå den lokale Fluggerbutikken.
I dag har eg sett saksa i eit av dei.




Resultatet blei eit handlenett og ein liten pose.



God plass til varer, og miljøvenleg.



Posen er til å oppbevare handlenettet i. 
So ligg den klar i handveska eller i bilen klar til bruk :-)




lørdag 16. august 2014

Sjukepleiarmotiv

Hm, her har det vore stilt lenge..
Det får eg prøve å gjere noko med :-)


I mars hadde eine tanteungen min bursdag.( om eg kan kalle ho det når ho er 23 år..)
Eg har som regel store planar om å lage presangar, men kjem alltid for seint igong.
Sidan ho var utanlands i vår på grunn av sjukepleierstudie, 
fekk ho presang etter fullført eksaamen og skuleslutt.
Eg laga  toalettveske med sjukepleiarmotiv.


Bakpå sydde eg inn navnet.
 Teikna det på med kritt og sydde over nokre gonger med symaskina.
Sette på ei anorakksnor til oppheng eller bærestropp.




Nett før levering hekla eg på eit rødt hjerte, eit enkelt mønster eg fann her.




Med litt dusjsåpe og handkrem var det klart til innpakking.




Kjekt å gje heimelaga presangar.
Ho fann ut at ho ville bruke den som lunsjboks
 når ho skulle begynne å arbeide på Haukeland sjukehus.
Passer bra med dette motivet då :-)

Hadde ikkje mønster, klipte og sydde og den vart til undervegs.




Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...