søndag 14. november 2010

Kleenex etui

Eg har ei tante som blir heile 84 år i dag på sjølvaste farsdagen.
Ho bur fortsatt heime og sit om dagane i godstolen sin med handarbeid,
det har gått ein del meter strikke- og heklegarn
mellom hendene hennar i løpet av åra.
Eg har ein stor kaffiduk som ho har hekla,
noko som alle ( trur det er sju ) fadderbarna har fått av ho.
So i ettermiddag skal eg heim til ho på kaffibesøk.

Men kva skal ein finne på til ei som har det meste..
Kom på slike kleenex-etui som mange har laga før meg,
det trur eg ikkje ho har frå før.
So då var veien kort i sybrakka mi i føremiddag.



Rask og grei å lage,
kanskje lurt å lage nokre slike å ta med på julemessa. .
Kjekt å ha litt småting å selge og ein slik dag.


6 kommentarer:

  1. Smart etui til den som har alt.
    Supert å ha med på messa, dei går unna.
    Det er berre å hive seg rundt å produsere :-)

    SvarSlett
  2. Jau, desse er kjekke å ha, kjekt å finne på noko til dei som har det meste:o)


    Ha ei god veke!

    SvarSlett
  3. Ja dette er fin gave til en som har alt.
    Jeg har og et slikt og det har fast plass i vesken.
    Dere hadde sikkert en koselig stund sammen.
    Ønsker deg en fin uke.

    SvarSlett
  4. Hei.Det var kjempe fint.Regner med at det ble hun glad for.Nydelig.Ønsker deg en riktig fin uke videre.Klem fra Bodil.

    SvarSlett
  5. Smart gaveide som helt sikkert falt i smak!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...