søndag 21. august 2011

Gamle gardiner kan brukast til so mangt

I går brukte eg dagen i sybrakka mi,
og let husarbeid vere husarbeid..
Godt å berre gjere det ein vil og ikkje berre det ein må, av og til :)

Eg klipte opp eit par av kjøkkengardinene mine,
desse har vore brukt som julegardiner.
So no er det ingen vei tilbake,
no MÅ eg berre ha nye til jul..

Resultatet ser du her.
Fire rundstrikkepinneoppheng.



Eg sydde eit til meg sjølv for ei tid tilbake,
og har vore vel fornøgd med det.
Har full oversikt over pinnane,
og eg slepp å rette dei ut når eg skal bruke dei.



Desse har eg lagt eit stykke tynn vatt i for å stive dei opp.
Kvitt skråband er sett på for å kunne skrive pinnestørrelsen på.
Og sidan eg har ein del slike gardinringar liggande,
fann eg ut eg kunne bruke dei som oppheng.










7 kommentarer:

  1. Smart! Ja, av og til må ein berre prioritere det kreative arbeidet, hehe:)
    Vart ingen konsert i går. Kallen var stuptrøtt etter ein lang dags jobbing, og eg hadde ikkje lyst til å gå åleine. Men eg kunne jo berre åpne vinduet, som du skreiv...
    God søndag!

    SvarSlett
  2. Genialt!! Dette må jeg prøve å sy. Gleder meg til å få orden i strikkepinne-kaoset! Takk for tips! :o)

    SvarSlett
  3. Godt å ha orden i strikkepinnane,dette var smart,Ann-Tove.

    SvarSlett
  4. Smart!! :-) kreativ dame, må eg sei ;-)

    SvarSlett
  5. Kjempesmart!!! Eg berre leitar og leitar. Kanskje eg burde gjere noko med det ?:)

    Klem :)

    SvarSlett
  6. Dette var ein god ide! Sånn vil eg også lage! *noterer bak øyret*

    SvarSlett
  7. Dette her ser ut som nåke eg trenge,trur eg må kjøpe meg ein sleke.... flotte dissa posane du har laga og,likte dei :)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...