onsdag 3. august 2011

klipp og sy

No er ein vellukka krabbefestival over for denne gang.
Det har vore hektiske men kjekke dagar,

Veka før gjekk med til forberedelsar av utstilling,
den kjem eg tilbake til seinare,
og øving til revyen vi framførte fredagen.

Søm har det vore lite av i det siste.
Men fredag hadde eg eit par timar ledig mellom klargjort utstilling
og revy-oppvarming.
Greidde ikkje å gjere noko fornuftig i huset,
eller sette meg ned å slappe av til eg skulle av stad igjen.

Då var symaskina einaste utveg,
Gjekk i sybrakka mi og fann roen der
:)


Hadde ei festival-t skjorte frå tidlegare år,
som eg klipte av.
Demonterte to andre tunikaer eg var lei av,
og sydde ihop.



Ikkje lett å ta bilde av seg sjølv alltid..
Prøvde meg på fotoshout i brakka.

Men etter ein times tid hadde eg sydd meg ny tunika,
likar den kjempegodt.


Den vart tatt ibruk som søndagsantrekk på festivalen.
Her er den nyvaska men ikkje stroken,
derfor litt skrukker her og der.
Det rettar seg ut når eg får den på,
er nok litt større enn prøvedokka :)

Dette skal eg gjere med andre t skjorter eg har òg.
Har nokre som eg likar motivet på,
men er ikkje glad i t skjorte fasong,
trivast betre med litt vidare hals og litt figursydd





3 kommentarer:

  1. Du er smart ,Ann-Tove.Det blei ei fin tunika.

    SvarSlett
  2. Du er verkeleg ein mester i gjenbruk:)

    SvarSlett
  3. Den der va berre lekker,krabbetunika e ikkje domt da....Iår var da berre sånn knæsjen rosa farge på t-skjortene,dei kan da verte fine tunika tå :-)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...