søndag 24. juni 2012

Kvite roser


Har prøvd meg på kortlaging igjen.
Sjølvaste jonsokafta var eg med å servere i eit nydejeg jonsokbryllup.
I den anledning fekk eg lyst å lage kort til brudeparet sjølv,
i staden for å kjøpe.
Var på Bokuben i Førde og fekk god hjelp til å plukke ut papir, blomster ol
til å lage kortet av.



 Gjekk greit å lage når eg fekk med meg gode idear frå hyggeleg betjening.



Kvite roser i solnedgang.



Som helsing til brudeparet sydde eg ei pute,
den kjem i neste innlegg.
Pakka den inn i silkepapir og blomsterplast,
med tau rundt.



Kortet la eg under plasten.
Det er lett føre når det er mange gaver samla at kort gjerne dett av pakkane,
 og ein ikkje finn ut kva kort som høyrer til kva gave.


Ynskjer deg fine sommardager.





4 kommentarer:

  1. Fint kort! Kjekt å kunne lage slikt sjølv:)

    SvarSlett
  2. For eit fint og romantisk kort, og kjempetøff pakke! Gleder meg til å sjå puta;)

    SvarSlett
  3. Lekkert og romantisk kort. Gleder meg til å sjå puta som er inn i pakken :)

    KariLklem:)

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...