søndag 23. februar 2014

Litt av kvart

Har visst fleire bilde av div eg strikka før jul..
Bla desse trekka med tennbrikkettboksar som eg ga som julepresangar.
Her er seks av ni, nokre vart pakka inn før eg rakk å ta bilde..



Har strikka to trekk til Ipad.
Var ikkje heilt sikker på korleis eg skulle ha toppen, so eg prøvde to variantar.



Eit med knapphol i vrangborda,
 og andre hekla eg lokk på.
På mønsteret skulle det berre vere hempe over kanten,
men då fekk ikkje Ipad`en beskyttelse oppå..



I det siste har det vore litt luestrikking.
Her ei Kvikk Lunsj lue strikka i Juvel.



Har prøvd meg på luer med fotballnavn på.


Liverpool er godt likt av ein i heimen,
 so det vart første prosjekt.


You`ll never walk alone, står det rundt kanten.


Hadde garn og rette fargane etter kvikk lunsj hua,
so eg trengde ikkje kjøpe garn til denne.


Neste hue ut er denne..


Manchester United er laget,
strikka i rødt,gult og svart..


Logo både framme og bak..


Strikka i Viking Sportsragg.







6 kommentarer:

  1. Jeg blir imponert over dine strikkeferdigheter. Både trekk på tennbrikke- boksen og luene krever at man ikke er førstereisegutt i strikkefaget.

    SvarSlett
  2. Kjempeflotte luer! Synest du har strikka mykje Mariusmønster. Eg held på med fyrste Marius babydress og har helde på i fleire veker.

    SvarSlett
  3. Så fine ting. Den United-lua ville mannen min likt.
    Ellen :)

    SvarSlett
  4. Så mykje flott du har laga, verkeleg produktiv du :-)

    SvarSlett
  5. Veldig flotte ting du har strikket! Ha en fin lørdag hos deg!

    SvarSlett
  6. Stilige luer på rekke og rad,du er driftig!!

    SvarSlett

Andre innlegg so kanskje fell i smak?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...